- Det er viktig for denne regjeringa å gjere det lettare og billigare å reise langs kysten vår. Lågare prisar vil betre kvardagen for mange på Vestlandet og i Nord-Noreg. Det er mange som er avhengige av kortbanenettet, enten det er bedrifter, pendlarar eller folk som skal besøke familie. Vi starta med å redusere ferjeprisane, og vi gjorde ferjene gratis fleire stadar. No følger vi opp med å styrke flytilbodet. Vi minskar prisane for dei som brukar fly og kortbanenettet i kvardagen, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Regjeringa har vedteke ei auka satsing for å styrke flyrutetilbodet i distrikta. I FOT-utlysingane, som kjem seinare i vår, vil ein gjennomføre fleire tiltak.

De såkalte FOT-rutene er på sett og vis «de ulønnsomme flyrutene» som er betalt av staten for å sikre et tilbud.

Lågare billettprisar og auka setekapasitet

Billettprisane på FOT-rutene er i dag regulert gjennom maksimalt tillate billettprisar, full fleksibel éin veg. Desse vert halvert frå 1. april 2024 for rutene betjent med fly i Sør-Noreg og Nord-Noreg og for helikopterruta Værøy–Bodø frå 1. august 2024. Dette vil minske avstandskostnadane for både innbyggjarar og næringsliv. For å ta omsyn til ein mogleg vekst i etterspurnad vil krava til setekapasitet aukast der talet på reisande er venta å stige mest.

Betre tilgjengelegheit frå Helgeland og nordover

Det har over fleire år vore eit lokalt ønske om tidlegare landing i Bodø for rutene frå Helgeland, med tanke på moglegheit for dagsreiser til universitetssjukehuset i Tromsø. Regjeringa ønsker å imøtekomme dette for å betre legge til rette for pasientar og andre brukarar av flyrutetilbodet nordover.

Endra rutestruktur og ny FOT-rute i Finnmark og Nord-Troms

Regjeringa legg opp til å foreta endringar i ruteopplegget i Finnmark og Nord-Troms. Styrka korrespondansekrav, færre krav til forbindelsar, og ny FOT-rute mellom Kirkenes og Tromsø skal styrke transporttilbodet mellom Aust-Finnmark og Tromsø. Dette er i tråd med ønska til Troms og Finnmarks fylkeskommune.

Krav til nattparkering ved Røros lufthamn

Det er problem med morgontåke i periodar av året på flyruta Røros–Oslo, noko som har svekka regulariteten på flyruta. Tåke er meir problematisk ved landing enn ved avgang. I den komande konkurransen vil det bli stilt krav om at flyet skal stå nattparkert på Røros lufthamn. Dette er i tråd med lokale ønsker.

Flyruta Stord–Oslo tas inn i FOT-ordninga

I etterkant av pandemien har det kommersielle flyrutetilbodet mellom Stord og Oslo blitt svekka. Dette har medført lokale ønske om at flyruta blir inkludert i FOT-ordninga for å sikre eit føreseieleg flyrutetilbod. Regjeringa har merka seg dette og ruta vil bli ein del av utlysinga med avtaleoppstart 1. april 2024.

Kapasitetskrav på helikopterruta Værøy–Bodø

Når den nye avtalen trer i kraft 1. august 2024 blir maksimal billettpris på helikopterruta Værøy–Bodø halvert. Dette er i tråd med dei andre FOT-rutene. som for dei andre FOT-rutene. I den komande utlysinga vil det også bli stilt krav om minst 15 seter i helikopteret for å sikre at kapasiteten i rutetilbodet blir vidareført på dagens nivå.

Regjeringa la nyleg fram stortingsmeldinga Meld. St. 10 (2022–2023) om ein berekraftig og sikker luftfart, der geografisk berekraft var eit av fire mål for den vidare utviklinga av norsk luftfart. Geografisk berekraft inneber mellom anna at befolkning og næringsliv i heile landet har god tilgjengelegheit til lufthamner med eit tilstrekkeleg rutetilbod, til ein overkommeleg pris. - I Hurdalsplattforma satt regjeringa seg eit mål om lågare priser og fleire avgangar på kortbanenettet. No følger vi opp desse måla med konkrete tiltak, seier Nygård.